Meld deg på nyhetsbrevet!

Newsletter

Motta nyhetsbrev med oppdaterte artikler.

Navn:
E-post:

Unøyaktigheter i TV- serie om gjenreisning

I TV-serien ”Håkon & Haffners byggeklosser” som startet i januar 2011 er det av programlederne hevdet en del påstander om gjenreisningen av Norge. Dette er kraftig imøtegått blant annet av Robert Øfsti som er prosjektleder ved Nasjonalt senter for Gjenreisningsarkitektur i Steinkjer.

Historieforfalsking

Av Robert Øfsti, prosjektleder.

Tidlegare i år gjekk første del av TV-serien ”Håkon & Haffners byggeklosser” på lufta. Andre får døme om dette er god formidling av arkitektur. Eg er mest skuffa over at NRK sin faktaredaksjon i Tromsø, som står attom serien, ikkje bryr seg om fakta.

For omlag eitt år sia vart eg oppringt av manusansvarleg Elisabeth Brun. Ho fortalde om serien, at første program skulle handle om Brente Steders regulering (BSR) og gjenreisingsbyane, og ba om innspel. Ho hadde ringt rett nummer. Nasjonalt senter for Gjenreisningsarkitektur der eg er tilsett, skal ha greie på dette. Nokre  dagar seinare fekk eg ein e-post frå Brun, med delar av manus som eg vart beden om å kommentera. Eg vel å offentleggjere første del av svaret mitt her. Det vil korrigere den første - og grovaste - av ei mengd faktafeil i programmet. Og det syner at programskaparane heilt bevisst har sett tilside fakta dei er vel kjende med. Regelrett historieforfalsking, med andre ord.

EPOST

From: Elisabeth Brun:
Wedensday, February 10, 2010 3.37 PM
To: Øfsti, Robert.
Subject: Hva tenker du om dette ?

Hei, svara mine finn du i samband med spørsmåla nedanfor:
Byplanene Sverre Pedersen (SP) lagte for nazistene ble altså tatt i bruk etter krigen var over og Norge skulle bygges opp igjen. Ideene ble hentet fra byer som hadde de samme idealene som Nazityskland hadde.

SVAR: Pedersen laga ikkje planane for nazistane. Han vart først beden av dei kommunale styresmaktene i Kristiansund, Molde, Steinkjer, Namsos og Åndalsnes om å lage nye byplanar. Dette skjedde i mai 1940. Mot slutten av juni vart han spurd av riksarkitekt Crawfurd-Jensen og andre norske styresmakter om å bli sjef for BSR."Den 10.september 1940 var planene for 6 byer lagt fram til behandling ved de lokale myndigheter. De primære planer bar naturligvis preg av lokale ønsker, uaktet det var lykkes i noen utstrekning å finne løsninger på lokale stridigheter, som f.eks plass for rutebilsentral o lign" skriv Pedersen sjølv.
Men så blandar tyskarane seg inn. Oberbaurat Stephan og baurat Luther og Pedersen reiser rundt og gjennomgår planane  "...på stedene. ..Herr Stephans bemerkninger til planene, gikk stort sett ut på at der var tatt litt for meget hensyn til lokale forhold og private grunneierforhold. Han ønsket også litt større dimensjoner på enkelte gater og en mer bevisst utformning av plassanleggene. Han betonet at reguleringsabeidet skulde være et norsk anliggende og utføres av norske arkitekter", skriv Pedersen.

Dei nye planane ("forandringsforslag i den retning som angitt av Oberbaurat Stephan" (Sverre Pedersen) er ferdige idet BSR dreg på studietur til Tyskland. Desse planane blir godtatt og blir, med mindre endringar, (noko måtte vel BSR drive på med under den langvarige byggestoppen) lagt fram til vanleg offentleg høyring når krigen er slutt. Og dei blir godtekne med nokre justeringar. I Steinkjer, som eg kjenner best: to viktige endringar: Forretningsstanden/næringslivet protesterer mot alle dei torga som BSR-planen legg opp til - "meiningslaust å nytte verdifull tomtegrunn til slikt".  Offentlege bygg blir lagt i "parkmessige omgivelser" langs elva i staden for inne i kvadraturen, fordi det gir betre høve til friare arkitektonisk utforming.
Beste helsing Robert.  PS. No finn du ein del av kjeldemateralet på www.gjenreisingsbyer.no. Og berre spør meir...det er derfor vi er her.

Det har skjedd litt med manus på eitt år. Mellom anna er scena flytta frå Bodø til Kristiansund. Men faktafeila har blitt fleire og grovare.  I programmet får vi sjå sjølvaste Albert Speer ringe Sverre Pedersen og tildele han jobben med gjenreisingsbyane ”denne junidagen”.  Det er ein telefonsamtale eg gjerne skulle ha sett dokumentasjon på at fann stad.  Ingen av dei kjeldene eg har hatt høve til å studere, fortel om ein slik samtale.  I Den 7de Sansen sin, der Sverre Pedersen noterer ned ei rekkje telefonsamtalar, er det ingen spor. I alle høve var det som nemnt dei lovleg valde kommunale styresmaktene i dei brende byane som allereie i mai ba Sverre Pedersen om å lage nye byplanar så raskt som muleg, og det var norske styresmakter som ba Sverre Pedersen bli sjef for det organet norske styresmakter hadde oppretta - BSR.  I september 1940 kjem dei tyske styresmaktene sitt pålegg om endringar. I Steinkjer skjer tre ting: Sverre Pedersen lagar eit grøntdrag langs elva, fjernar husrekka langs elvebreidden (til rasande protest frå gårdeigarane ”i byens mest verdifulle forretningsstrøk”), og får såleis eit samanhengande parkdrag langs elva - over Torget (som er lite markert) - rundt og forbi kjerka og ned mot fjorden. Han lagar ein omkøyringsveg for å leie trafikken rundt sentrum. (Lokalbefolkninga protesterer mot slik sløsing med tomtegrunn – avlastingsvegen kom 60 år seinare). Og han tegner inn fleire torg. Det verkar som om Sverre Pedersen har nytta høvet først og fremst til å gjennomføre eigne idear meir konsekvent, når han slapp å ta omsyn til ”lokale forhold” . ”Det er jo elva som bør være den dominerende faktor i Steinkjers bybilde … Denne løsning har, som rimelig er, falt grunneierne i dette strøk vanskelig å forsone seg med, idet de mistet sine gamle tomter langs elveskrenten, men sett under den synsvinkel at man no har anledning til å gjennomføre en penere regulering her, en løsning som i tilfelle det dreier seg om ubebygget terreng, var den naturlige”, skriv Sverre Pedersen.  I Molde blir mellom anna Øvre Torg lagt til i forlenginga av Nedre Torg.

Dette er ikkje ”totalitære og fascistiske idear”, og det veit Faktaredaksjonen i NRK Tromsø godt. Men når fakta kjem i vegen for ønsket om ei heftig fargelegging av historia, kan ein tydelegvis sette fakta til sides.